DEN NORSKE KYRKJA
Klepp kyrkjelege fellesråd
  Søk
10. mars 2010 ..:: Kyrkjelege handlingar » Dåp ::..   Logg inn

 Dåpen - utgangspunktet for livet i troen

- og i kirken

Velkomen til dåp i Den norske kyrkja!

Vi inviterar til dåp fordi Jesus har sagt:

”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda, gå difor ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” ( Matt. 28,18-20)

Kva er dåp?
I dåpen skjer eit under: Vi vert Guds barn! Presten teiknar barnet med krossmerket til vitnemål om at det skal tilhøyre den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus og tru på han. Det er Gud som handlar i dåpen. I det presten auser vatn over hovudet 3 gonger, seier han: ”Eg døyper deg i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.” I Bibelen vert dåpen samanlikna med ein ny fødsel. Det nye livet startar i dåpen. Barnet vert medlem av den kristne kyrkja.

Kor?
I Klepp har vi dåp i kyrkjene i Orre, Bore og Klepp. Dessutan er det og dåp i Grendahuset på Frøyland og skulen på Klepp st. Dersom ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkja, får kyrkjekontoret melding om at eit barn er fødd og sender ut invitasjon til dåp.

Når?
Det vanlegaste er at barnet vert døypt i løpet av dei første månadane.
Jesus seier: Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje, for Gudsrike høyrer slike til. ( Mark.10.14)
Vi har og dåp av andre enn småbarn, som til dømes konfirmantar som vert døypt før konfirmasjonen. Ta kontakt med kyrkjekontoret om dato som høver.

Fadrar:
Foreldra vert ikkje sjølv oppført som fadrar, men vel 2-6 fadrar som er minst 15 år. Fadrane må vera medlemmar i Den norske kyrkja eller tilhøyre eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Fadrane si oppgåve er å vere vitne om at barnet er døypt. Dei skal be for barnet og lære det sjølv å be og hjelpe til at barnet vert verande hjå Kristus når det veks opp. Fadrane har ikkje noko ansvar dersom det skulle skje foreldra til dåpsbarnet noko.

Velkomne!

 Sjekk ut dette dersom du skal døpe ditt barn!

    

Neste Gudsteneste. Se over til venstre  

   

 Kontakt oss

Klepp kyrkjelege fellesråd
Postboks 101
Kleppevarden 2
4358 KLEPPE

Telefon: Telefon: 51789555

Send E-post

  

Copyright 2006 by Duplo Data AS